Viser arkivet for desember, 2011 | ||
Takk til alle dykk lesarane som har meistra å lese mine innlegg i fleire månader. Ei bragd.
No er året omme, julematen har lagt seg kring midja, og vi går eit nytt år til møtes.
Ei spesiell takkehelsing går til Dagmar, ho virka som ei sur hårete fornærma gamal raudstrømpe på veg heim frå skuleballet ho ikkje var invitert til. Ei bitter gamal dame som såg sitt snitt til å trampe ned meir skog enn ho klarte å bere på ryggen.
Kanskje ho var irritert over alle idiotane som trur at ein kan ete seg mager med feitt, kanskje fann ho ut at ho ikkje fekk det ho ynskja seg aller mest til jul, som eit par grøne sokkar?

Dagmar virka som ei sur hårete fornærma gamal raudstrømpe på veg heim frå skuleballet ho ikkje var invitert til
Godt nytt år til alle!!