Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (laurdag 28. januar). Les mer om roperten…

Morgontur til stølen

Fuglane hadde allereie sleppt dagens første fis då eg var på plass i skisporet, eg sette nasa mot stølen.

Stølen ligg nokre kilometer frå Langeland skisenter, og mannen i trakkemaskina gjorde turen perfekt, løypa var nypreparert, og nydeleg! Med slike gode løyper gløymer ein nesten dei idiotane som let dei firbeinte legge at sleipe kablar og gule taggingar i kanten av løypa. Ikkje særleg appetittleg.

Det er eit par år sida eg gjekk på ski til Gjøset forrige gang, les meir om forrige gang

Eg har ikkje kondisjon av stål slik som Sogn & Fjordane sitt mest kjende skifantom, Ole Johannes, for kondisen min kan best samanliknast med ei fuktig sponplate som har begynt å smuldra opp*. Men, den har trass alt ikkje vore so god sidan midten av førre tiår. Det er smått utruleg kva nokre kilometer på ski kvar dag kan gjere med kondisen. Skia har faktisk begynt å få betre spenn og, noko eg trudde var umogeleg. Sikkert kulda :)

Panorama apartments, The Gjøset-Way

Eg kom meg no rundt! Og syns faktisk at da gjekk fort, trass smørjefrie turski. Tenk så moro da hadde vore å bruke langrennski med skikkeleg spenn og mogelegheit for å skøyte. Fart og skøyting er ord som ikkje hører saman med smørjefrie turski.

Sponsorar, Skrik ut!

Annonse

Nye bilder