Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Fjordaglimt (torsdag 26. januar). Les mer om roperten…

Kondomdress betyr ikkje forkøyrsrett!

Kong Vinter 2012 smilar til oss for tida, han glimtar til med kaldt og perfekt føre for skiturar. Og Odelsguten er ingen latsabb som held seg heime om ein kan få tatt ein tur med ski på føtene.

Først av alt, eg er enno ikkje ein av dei som brukar tid på gni skia med smurning, eg går med smørjefrie turski, og er ikkje skjemd av å vere ein av dei kjedelege. Men ser ikkje vekk ifrå at eg kjem til å kjøpe meg langrennski slik som dei med kondomdress og rumpeveske med vatnflaske i brukar. Ikkje fordi eg vil virke proff, men berre fordi eg vil.

Rekneskapen om meg og mine smørjefrie turski:

- Må kjempe riktig så hardt for å få skikkeleg fart, til og med i de brattaste nedkøyringane.
+ Ein kan gå rett opp bakkar, medan andre må gå og lage teite sikksakkmønster.
________________________________________________________
= Odelsguten går ikkje nødvendigvis fortare enn gamle folk i skiløypa.
________________________________________________________
________________________________________________________

Og kva er vel meir irriterande enn at ein som har den eine tøffelen i himmelriket passere deg i den brattaste bakken, så forbausande lett på foten at ein skulle tru han var på veg til himmelen.
Hadde det ikkje vore for at eg eig skamvit og var i følgje med andre så hadde eg teke opp jakta, i allefall for ei kortare strekning. Eg lat vere å jage den gamle mannen, men tok meg sjølve i å imitere stilen hans, akkurat slik som ein ser på fjernsynsklipp frå skirenn i Oslo på femtitalet. Eg syns det er kjekt at folk i alle aldersgrupper tar seg ut på skitur, skigåing er ein leik for store og små.

Men, kva er greia med kondomdress? Er det eit slags teikn på at du er ein avgud på ski, og kan ta deg fridom til å køyre feil veg i løypa? Eg møtte nokre slike i går kveld. Slike som går mot straumen. Felles for dei var kondomdress og raud hovudpryd med norsk flagg på.

Dei var vel ute for å terpe på fjellvettsreglane, eg trur dei var komen til " Snu i tide"
I morgon kan det hende dei grev seg ned i tide, eller berre grev seg ned.

Vist 32 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse

Nye bilder