
Mitt navn er Kristian, eg er bloggar og odelsgut!
Eg er som regel snill og blid, men kan sikkert og vere irriterande, akkurat som eit eggeskal i ei svelerøre.
I ei tid der media prøver å vende opinionen mot landbruket må ein eller annan vere motvekt, kanskje 190cm med odelsgut kan vere nettopp den motvekta.

Her kjem eg på smørjefrie ski i retning mot Gjøset, fleire leserar følgjer meg mot målet eg har satt meg, Birken 2013
No har eg nesten fått etablert den nye bloggen, og lesartala veks ukontrollert kvar einaste dag, eg vil kalle den nye bloggen ein ordentlig suksess.
Fleire sponsorar har meldt si interesse.
Besøk meg gjerne
Les og sjå meir på http://hekladuk.blogg.no
Merk deg at fargane på skiltet gjenspeglar mine ski
Meir bilete frå skiturar finn du no på den populære:
http://hekladuk.blogg.no
Eg vil takke alle dei som stadig er innom og les at fjaset eg skriv. No tek eg ein pause frå den bloggen her. Ein pause på ubestemt tid.
Hovudårsaka er eit prosjekt eg driv med for tida, les meir her
Dette tek mesteparten av tida mi fram til snøen forsvinn att.
Eg må prioritere den bloggen eg tenar litt på, den har vorte ein knallsuksess , og eg har allereie skaffa meg fleire sponsorar, og fleire ber om spalteplass. Den nye bloggen er ein blogg i vekst og har mange tilhengarar.
Dykk er hjarteleg velkomne innom “På vei mot toppen”
Chevrolet Tahoe 6.5TD 99’mod
Seljast rimeleg ved hurtig avgjersle !
Seljast eine og aleine på grunn av overgang til stasjonsvogn.
Eg kjem til å sakne godbilen, sterk motor, komfortable stresslessar, lite feil, og elles alt ein kan ynskje.
Men no er vår periode snart forbi kjære Tahoe.
Håpar at ho kjeme til nokon som tek godt vare på ho.
Gje meg eit teikn på straumpost om du er interessert.
kristian[a]hjortefot.com
Kven hadde trudd det?
For ein traust, tørrhumoristisk odelsgut er det ikkje kvardags å verte juni-gut i den flottaste kalenderen som vert utgjeve i kongeriket.
Odelsguten oppmodar alle lesarane, og alle dei som ikkje les dette om å bestille den frå Stiftinga Norsk Hjortesenter på Svanøy, sjå deira nettstad her
Forutan odelsguten og mine jegerar er kalenderen fylt med gode stemningsbilete som røra langt inn i ryggmergen.
Kalenderen er og til sals hos COOP EXTRA FØRDE
Takk!
Noko er i gjere, no hoppar dei moderne gullgravarane opp bak kvar ein stein, dei vil kjøpe gull som folk har liggande.
Men kvifor?
Ingen kjøpar ting utan at dei reknar med å tene store pengar på investeringa. Kva veit desse gullfolka om framtida til gullprisane? Vil gullprisane skyte i taket?
Du kan til og med sende gull i forsegla konvoluttar og få nok pengar til å kjøpe deg nesten alt du ønskar ,ifølge gullkjøparen. Ein av desse moderne gullgravarane heiter Gull-Adam, ein mann med tilsynelatande mykje sølvhår i heile andletet, og sikkert endå fleire gullhår i baken.
Han gjer ikkje dette for å vere snill, og hugs ein ting, gullet vert ikkje mindre verdt om du vel å late dei ligge på kistebotn.
God fart, trass i at dei smørjefrie turskia kjempar for å stogge meg.
Ein skikkeleg god nedtur!
(Kan hende du må vere innlogga på fjesboka for å kunne sjå den herlege videoen)
Positiv odelsgut frå Gaular er ei sone på Origo. Les meir Nye bilder | ||